Personvernerklæring

1. Om Aurland Elektriske

Eigar av denne nettsida er:

Aurland Elektriske AS, Odden 10 A, 5745 Aurland. Vårt org. nr er: NO 929 008 596
Tlf:
57633463 / 90940164 - Epost: post@aurlandelektriske.no.

2. Føremålet med vår handsaming av personopplysningar

I samband med kundeforhold må vi innhente opplysningar som namn, adresse, organisasjonsnummer og anna nødvendig informasjon. Dette er opplysningar vi utelukkande nyttar for å handtere ditt kundeforhold. Vi tek vare på opplysningane så lenge vi har eit kundeforhold. Du har rett til innsyn, retting og sletting av data vi har lagra om deg. Etter endt kundeforhold vil vi ta vare på data så lenge vi ser det hensiktsmessig for å hjelpe deg med eventuell historikk om du skulle ha behov for det.

3. Utlevering av personopplysningar til tredjepart

Utlevering av personopplysningar vil ikkje skje, med mindre det føreligg lovbestemt opplysningsplikt ovanfor offentlege myndigheiter.

4. Kunderegister

Vårt kunderegister inneheld opplysningar om kunden som selskapsnamn, adresse og informasjon om kontaktpersonar hjå kunden, og opplysningar om kva tenester og produkt kunden har avtale om. Dette blir lagra i vårt system så lenge det er tenleg for oss. Ønskjer du å få oversikt over kva vi har lagra og evt. bli sletta frå vårt kunderregister, sjå kapittel om sletting under. 

5. Informasjonskapslar

Aurland Elektriske AS bruker informasjonskapslar, også kalt cookies, på nettsidene. Cookies er standard Internett-teknologi som dei aller fleste nettstader bruker. Vi bruker dette for at nettsida skal fungere optimalt, for å analysere trafikken vår, for å tilby deg ei betre kundeoppleving neste gang du kjem til nettsida og for å levere tilpassa innhold og annonsar. Du kan når som helst endre innstillingar for cookies ved å gå til cookiebanneret. Vel du å avvise cookies, kan det vere at nettsida ikkje fungerer optimalt.

6. Bruk av informasjonskapslar på denne nettsida

Eigar: Squarespace Analytics, Google Analytics 
Føremål: Samle informasjon om korleis besøkande bruker nettsida. Vi bruker denne informasjonen for å lage rapportar for å betre nettsida. Informasjonskapslane anonymiserer all informasjon. Dei seier noko om tal besøkande på nettsida, kvar dei kjem frå og kva sider dei besøker.

Eigar: Meta, LinkedIn
Føremål: Samlar informasjon om besøkande for å tilpasse marknadsføring på Facebook, Instagram og LinkedIn.

Eigar: Vimeo, YouTube
Føremål: Lagar statistikk på visningar og visningsdata på videoar på sida.

7. Kontaktskjema

Når du fyller ut kontaktskjema på nettsida lagrar vi denne informasjonen i vårt CRM-system. Denne informasjonen vil vi lagre for å kunne yte betre kundeservice. Vi etterstrebar å ikkje ta vare på dine detaljar lenger enn nødvendig. Kontaktar som ikkje er/vert kundar av Aurland Elektriske AS blir sletta.

8. E-post-kommunikasjon

All e-post som blir sendt til post@aurlandelektriske.no blir lagra i vårt supportsystem. Desse vert loggført som ein del av ditt kundeforhold med oss, og blir lagra så lenge du har eit kundeforhold med oss.

9. Innsyn, retting og sletting

Etter personopplysningsloven § 18 har den enkelte krav på innsyn i dei opplysningar som er registrert om ein sjølv. Innsyn kan ein få ved å hendvende seg til Aurland Elektriske AS - epost: post@aurlandelektriske.no. Dersom registrerte opplysningar er uriktige, ufullstendige eller du ønskjer å slette dine opplysningar, kan ein krevje dette i henhold til personopplysningsloven § 27.

10. Ansvarleg databehandlar

Dagleg leiar i Aurland Elektriske as er ansvarleg for handsaming av personopplysningar. Vedkommande er ansvarleg for at det vert gjennomført internkontrollar med omsyn til behandling av personopplysningar, og at evt. avvik frå gjeldande lovverk blir meldt inn og retta. Vi etterstrebar til ein kvar tid å følgje gjeldande regelverk for personvern. Har du spørsmål, ta kontakt på post@aurlandelektriske.no eller tlf. 90940164.